Ein festival i Amundsens ånd.
Festivalen vert på Feet i Sysendalen 26.02. – 28.02.2010 i forbindelse med historiens første pulkløp i Amundsens skispor over Hardangervidda!
Torsdag 25. februar går starten på pulkløpet frå Skinnarbu i Telemark, og me reknar med at dei første løparane vil komme i mål på Feet ved Garen i Sysendalen/Eidfjord, allereie fredag 26. februar. Under den karakteristiske profilen av Roald Amundsen i Grytahorgi vil me ta i mot heltane som deltek i dette ekstreme pulkløpet med ein stor velkomstkomite i form av ein ”Vøtrafestival” helga 26.02. - 28.02.2010!
Det vert sett opp ein storlavvo som skal brukast til informasjons- og salgsstandar frå spennande bedrifter, føredrag av polfararen Britt Thorstensen fredag kveld og musikk/dans med ”Nobody’s Business” laurdag kveld. I tillegg blir det fleire mindre lavvoar med bålpanner rundt om kring, slik at me skal få til den rette vinterstemninga.
Det er fortsatt muleg å vere med på festivalen om det er nokon som vil hjelpe til eller tilby ein spennande vinteraktivitet eller leige stand. Pris for leige av stand eller tilby ein aktivitet er kr 1000 for alle dagane
På festivalplassen blir det aktivitetar som f.eks kurs ”Bli tryggare i vinterfjellet” (med snøprofil, skred, trygge vegval, demo nødbiuvak), kanefart, snørekøyring etter hest, trugeaktivitet, hundesledeturar, geocaching for born (på jakt etter skatten til Roald Amundsen), sal av klær, ski, utstyr, mat og drikke osv… Kanskje publikum kan få prøve korleis det er å vere ein polarhelt med å dra opp til 100 kg etter seg på ski?
Me legg opp til aktivitetar i tidene:
Fredag 26.02.2010 kl 1600 – 2000, føredrag av polfararen Britt Thorstensen kl 1900
Laurdag 27.02.2010 kl 1100 – 1700, musikk/dans om kvelden kl 2000 - 0030
Søndag 28.02.2010 kl 1100 - 1700
Inngangsbillett kr. 50 pr. dag (born under 12 år gratis), inkl. føredrag med Britt Thorstensen fredag, eller kr. 300 for alle dagar inkl. dans laurdag kveld. Deltaking i aktivitetar på festivalområdet og mat/drikke etter tilbydars pris.
”Vøtrafestivalen” er eit resultat av godt samarbeid mellom bedrifter, hytteeigarar og grunneigarar i Eidfjord og vert arrangert av Festivalkomiteen i samarbeid med Destinasjon Eidfjord AS og Eidfjord Utvikling AS.
Me lovar ekstremt god stemning, ekstremt kjekke folk, og forhåpentlegvis ekstremt vêr!
For meir info om festivalen, kontakt:
Destinasjon Eidfjord AS
Marit Stadheim Boor
Tel. +47 47250120
Epost marit@visiteidfjord.no
www.visiteidfjord.no
For meir info om pulkløpet, kontakt:
Xtreme Endurance Eidfjord
Kari Varberg Øydvin
Tel. +47 90844903
Epost kari@visiteidfjord.no
www.xtremeidfjord.no
|